Pixelfusion.no
Velkommen til Pixelfusion.no!
Nyheter
2008.01.07 - Godt nytt år!
Eit nytt år har starta og nye oppgåver og nyttårsforsett står for tur. På Høgskulen i Molde startar eg på siste semesteret i bachelorgrada so no står hovedoppgåva for tur. Eg har valgt å lage eit system, CMS system, for publisering og vedlikehald av websider, noko som eg håpar å ta i bruk gjennom Pixelfusion. Tanken bak systemet er å tillate kundar meir fleksible heimesider som ein i stor grad kan vedlikehalde sjølv. Meir informasjon blant anna i form av ei prosjektside vil kome om ikkje alt for lenge.
2007.10.28 - ContainerSpillet
Saman med Nina Moe i informatikk-klassa og faglærar Ola Bø har vi fått i oppdrag å lage eit spel om konteinar logistikken til Statoil for Statoil/StatoilHydro. Meir informasjon om dette kjem etter kvart.
2007.10.27 - Kapplopet.no
Liv Engholm og Thomas S. Nilsen som driver Turgleder (www.turgleder.com) skal på ekspedisjon til Sydpolen og i det høve blei Pixelfusion bedt om å sponse dei med webdesign og oppsett av eit bloggsystem. Det er no gjort og www.kapplopet.no er oppe å går. Systemet bygger på WordPress, eit kraftig open-source blogg system. Layouten bygger på standard malen til WordPress.



